Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Jon flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar; for kvifor må ungdommane ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og kva er det demente frk. Hansen eigenleg prøver å fortelje Jon? Kva har 2. verdskrigen å gjere med alt det mystiske som skjer?
Presentasjon av den Uprisnominerte boka Glimt – ein grøssar som går føre seg både under andre verdskrigen, og i dag. Eg tar opp problematikk rundt fiendebilder som vi danner oss, og korleis denne tenkinga prega skrivinga av boka. Eg går i tillegg litt gjennom krigshistorien langs kyst-Noreg, sidan boka har handling frå ei oppdikta øy på Vestlandet. Boka er også ei historie om overgrep, og om korleis tyskerjentene blei behandla.
Om utøverne
Foto:
André Soltvedt
Tor Arve Røssland
Tor Arve Røssland debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.
Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.
I barndomen sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes. I nabohuset budde besteforeldra hans, og i nabohuset deira budde oldefar. Han leika utandørs med venner og syskenborn heile sommaren. Når det var dritvêr sat han inne og leika med Lego eller spelte dataspel på Commodore 64. Han høyrte mykje på radioteater og høyrespel. Han begynte eigentleg ikkje å lese bøker før han var i 13-14 årsalderen, men etter det las han mykje, og han har aldri tenkt å slutte!
Då han såg ET – The Extra Terrestrial på kino i 1982, fann han ut at å dikte historiar var noko han likte. Han fantaserte om å bli verdsberømt Hollywoodregissør, men då han fann ut kor mykje strev det var å lage film slo han seg til ro med diktekunsten.
Av utdanning har han blant anna hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim, samt mellomfag i litteraturvitenskap og mediepedagogikk.
I tillegg til bøkene har han skrive skodespelet Huldra, som Vestlandske Teatersenter har sett opp heile to gonger.
Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.
Status
Tor Arve Røssland er en av våre mest brukte forfattere i skolen, og har turnert jevnlig i mange år. Les mer om dette på hans nesttsidewww.forfattaren.no.