Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Bli ein god nynorsk-aktivist! Arnfinn Kolerud har gått all in i språkdebatten med dei tre romanane "Når ein først skal skyte nokon", "Kom ikkje inn i mitt hus" og "Gamle menn i syningom". Handlinga går føre seg i den aller siste nynorske landsbyen, i ei tid der bokmål og engelsk vinn fram på alle frontar. Ord for ord må nynorsken vike.
Det er utviklinga, blir det sagt. Ein skal ikkje stå i mot utviklinga.
Bendik Uføre og dei andre nynorskingane utfører likevel dristige aksjonar inne i bokmåls-områda, for at språket deira skal overleve og ein gong i framtida nå nye høgder.
Med utgangspunkt i trilogien gir forfattaren tips om korleis vi alle kan bli gode nynorsk-aktivistar, anten det er gjennom dikt-på-do, korrekturlesing og korrekturbrodering, eller på meir utagerande og framfusent vis.
Kan ein gjere noko for å snu på utviklinga? Kva skal til for at kongen blir nynorsk? Og kven er dei fire store?
Foredraget varer i 45 små minutt, før det gjerne går over i eit ordskifte om språk og uspråk.
Foto:
Privat
Arnfinn Kolerud
Arnfinn Kolerud vaks opp i Romsdal med blyantar som skreiv på bokmål, men skifta til nynorsk i vaksen alder.