Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Framandskepsis og bygdedyr. Ungdommeleg kamp mot indre kjensler, kjærleik og galskap. Like aktuelt i dag som for 100 år sidan, då Hans E Kinck var på høgda av sitt forfattarskap.
Var personane i Kinck sine noveller så ulike oss? Kinck skildrar på ypparleg vis den framandskepsisen han såg, og kan hende fekk kjenna på, i dei bygdene han vaks opp. I novellene sine ser han gjennom folk og rett inn i deira «OSS mot DEI»-forhold til verda rundt seg.
Kinck maktar å vise oss både den allmenne norske folkesjela, og enkeltindividet sin kamp mot indre makter i dagleglivet. Han skildrar like lett folket på den einbølte garden som set livet til i rein forviteskap: Den eigenrådige og framand-redde familien som mest «mobbar» naboen frå gard og grunn. Den unge guten som trur han er dødssjuk fordi han ikkje kan la vera å tenke på vakre budeier som badar i tjernet. Den kjenslevare ungjenta i møte med den fyrste kjærleiken, og med skjebnen sitt lunefulle spel i form av klasseskilje.
Forslag til førebuing: Ein føremon om elevane har høyrd om Kinck frå før, ev. lese noko frå forfattarskapen, men ikkje ein føresetnad.
Foto:
Hans E. Kinck
I 2015 er det 150 år sidan forfattaren Hans E. Kinck (1865-1926) vart fødd. Han vaks opp i Strandebarm, og hadde eit nært forhold til Strandebarm heile livet. I tillegg føyer han seg inn i rekkja av dei verkeleg store forfattarane nasjonalt og er karakterisert som Nordens ypparste novellist.
Kinck levde sine barneår i Setesdal og flytta til Strandebarm i Hardanger som 10-åring. Begge stadene tileigna han seg på kort tid dialekten og vart difor lett ein del av samfunnet, bygda og folket. Novellene er på riksmål, men replikkane er på dialekt, for det meste Setesdalsdialekt og ramsalt Strandeberming. Kinck gav ut 13 novellesamlingar på vel 30 år.
Merethe Gauden har 30 års erfaring som omreisande forteljar og eventyrformidlar. Ho er utdanna frå Lunds Teaterskola fôr Myt- og sagogestaltning, har studert teatervitskap, litteratur og visuell kommunikasjon ved UiB. Ho har halde mange kurs i litteratur i samband med arbeid i bibliotek med litteraturformidling som hovudområde, og har òg vore kinosjef, dramalærar og redaktør i Hardanger bygderadio.