Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Hausten 2021 kom Anders Totland ut med ei om dei verste sjukdommane som har herja i Noreg og verda, frå byllepest til korona. Gjennom enkeltpersonar sine lagnader, og dei store historiske linjene, fortel han om utvikling av medisin og vaksinar, store oppdagingar og grufulle hendingar. Underhaldande og aktuelt, om noko av det som opptar folk aller mest for tida.
Foto:
Marius Knutsen
Anders Totland
Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, jobbar som journalist og organist, og held også føredrag om matauk. Han debuterte med barneboka Vampyrane i Eplehagen hausten 2015, og våren 2016 kom ungdomsboka Engel i snøen ut. Boka er så langt selt til Danmark, og Foreningen !les har brukt utdrag av boka både i årets txt-aksjon, Panser, og i neste års Tid for ti-kampanje. Når han ikkje jobbar, kokar han kaffi i skogen og fortel skrøner til ungane.