Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Eit forfattarbesøk med utgangspunkt i boka Nesten menneske. Biografien om Julius som diskutererer likskapar og skilnader mellom menneske og vår næraste slektning i naturen.
Foto: Kulturrådet
Biografien Nesten menneske, som vann Språkprisen 2017 og blei nominert til Kritikarprisen 2017, er ein freistnad på å skrive ein sjimpansebiografi etter same mal og metode som ein moderne menneskebiografi. Vi følgjer det fascinerande livet til sjimpansen Julius, frå han blei fødd i Dyreparken i Kristiansand til han i dag sit som leiar av den same flokken. Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforskning prøver forfattaren å finne ut kva som eigentleg skjer inne i hovudet på eit dyr som Julius. I denne produksjonen fortel han denne historia og viser unike bilete frå livet til Julius. For publikum blir det eit høve til å reflektere over likskapar og skilnader mellom oss og sjimpansane - og å reflektere over kva det vil seie å vere menneske ved å høyre om livet til eit individ som er nesten menneske.
Foto:
Agnete Brun
Alfred Fidjestøl
Alfred Fidjestøl er sakprosaforfattar på heiltid, og har gitt ut seks bøker, både historieverk og biografiar. I 2014 blei Fidjestøl den første sakprosaforfattaren nokon sinne til å vinne Gyldendals Sult-pris. Han har lang røynsle som føredragshaldar og har også turnert i DKS med denne produksjonen.