Om Norsk Forfattersentrum

Norsk Forfattersentrum vart etablert i 1968 for å skape kontakt mellom forfattarar og publikum og å sikre forfattarane honorar for oppdraga. Organisasjonen yter service til forfattarar, oppdragsgivarar og publikum i heile landet.

Einar Økland på talarstolen på Litteraturhuset i Oslo då Norsk Forfattersentrum inviterte til festkveld for forfattaren frå Valevåg i mars 2025. I 1967 tok Einar Økland initativet til ei slags arbeidsformidling for norske forfattarar, og året etter var Norsk Forfattersentrum ein realitet med Økland som ein av tre grunnleggarar. Foto: Espen Gees

Avdelingskontora våre

Norsk Forfattersentrum har 19 tilsette og dekkjer heile landet med avdelingskontor for Austlandet, Vestlandet, Sørlandet, Midt-Norge og Nord-Norge.