Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
- eit foredrag om den store motstanden mot vindkraft i norsk natur som blussa opp i løpet av 2019 og 2020.
Foto: MARIUS KNUTSEN
Utgangspunktet for foredraget er arbeidet med ei dokumentarbok for vaksne med same tittel, som Totland gav ut i februar 2021. Gjennom fleire år har han følgt motstanden tett, og har reist landet rundt for å snakka med folk og prøva å forstå kva det er som driv den sterke motstanden. Og ikkje minst korleis dette kunne skje.
Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde tidlegare politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945.

Foto:
Marius Knutsen
Anders Totland
Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, jobbar som journalist og organist, og held også føredrag om matauk. Han debuterte med barneboka Vampyrane i Eplehagen hausten 2015, og våren 2016 kom ungdomsboka Engel i snøen ut. Boka er så langt selt til Danmark, og Foreningen !les har brukt utdrag av boka både i årets txt-aksjon, Panser, og i neste års Tid for ti-kampanje. Når han ikkje jobbar, kokar han kaffi i skogen og fortel skrøner til ungane.