Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Blant fuglane i nærmiljøet er gjerdesmett, måse, kråke og gråsporv. I denne førestillinga møter vi fleire av dei kjente og kjære fuglane i fargerike illustrasjonar og kvar si fortelling på rim.
Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar er ei bok om vanlege fuglar. Boka er både ei naturfagbok, ei norskbok og ei kunstbok. I førestillinga vert elevane engasjert å leike med rimord og vers, fortelje om fuglar dei kjenner, korleis dei ser ut og kva lydar dei lagar. Forfattaren fortel også om arbeidet med å lage barneboka saman med illustratøren Per Ragnar Møkleby.
Om utøverne
Foto:
Skald forlag
Lisbeth Dreyer
Lisbeth Dreyer har utgitt barnebøkene Øystein Øyenstikker, David og regnmesteren, Luisa & Ugla, Konrad Kråkebolle og Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar. Ho har arbeidd med film og foto og har også gitt ut sakprosabøkene for vaksne; Vestlandshagen og Knud Knudsens album. Ho har turnert med Konrad Kråkebolle på skuler i Hordaland, og med andre foredrag på litteraturfestivalar, filmfestivalar, senioruniversitet og bibliotek.