Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Handlinga i bøkene Overleve er lagt til ei nær framtid, og serien handlar om trettenåringane Jamal og Eira. Begge to er med fedrene sine om bord i det gigantiske forskingskipet “Bluenose” på tokt i Grønlandshavet. Eira er tvungen om bord som straff for å ha blitt utvist frå skulen. Jamal har drøymt om dette i årevis.
Målet for toktet er å kartlegge fiskeressursane i havet, for verda er i ferd med å svelte ihjel. Men verda er ein ustabil stad. Både politisk, og ikkje minst klimamessig. Vinteren blir lang, og snøen lavar ned om sommaren òg.
Til å begynne med må heltane våre flykte frå fiendtlege krigsskip, men ikkje lenge etterpå er det isen som truar. Noko meir vil ikkje forfattaren røpe av handlinga.
Opplegget han presenterer tar for seg den lange skapelsesprosessen som ligg bak bokserien. Ideen fekk han for nesten tjue år sidan, men Hollywood klarte å sabotere bokplanane - inntil no. Forfattaren fortel om korleis han sleit med å dikte opp sympatiske hovudpersonar, før han innsåg at hovudpersonen absolutt ikkje måtte vere sympatisk. Det kunne faktisk vere kjekt at ei skikkeleg bitch var ein av dei overlevande etter den enorme katastrofen som han ville skildre. Då løysna historien og bokserien tok form.
Alle bøkene er illustrert av Nikolai Lockersten, og teikningane ser fantastiske ut!
Opplegget som tilbys skular, bibliotek, festivalar og DKS vil ta for seg skrivinga, tematikken, researchen og sjølvsagt blir det utdrag frå den spennande bokserien.
Om utøverne
Foto:
André Soltvedt
Tor Arve Røssland
Tor Arve Røssland debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.
Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.
I barndomen sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes. I nabohuset budde besteforeldra hans, og i nabohuset deira budde oldefar. Han leika utandørs med venner og syskenborn heile sommaren. Når det var dritvêr sat han inne og leika med Lego eller spelte dataspel på Commodore 64. Han høyrte mykje på radioteater og høyrespel. Han begynte eigentleg ikkje å lese bøker før han var i 13-14 årsalderen, men etter det las han mykje, og han har aldri tenkt å slutte!
Då han såg ET – The Extra Terrestrial på kino i 1982, fann han ut at å dikte historiar var noko han likte. Han fantaserte om å bli verdsberømt Hollywoodregissør, men då han fann ut kor mykje strev det var å lage film slo han seg til ro med diktekunsten.
Av utdanning har han blant anna hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim, samt mellomfag i litteraturvitenskap og mediepedagogikk.
I tillegg til bøkene har han skrive skodespelet Huldra, som Vestlandske Teatersenter har sett opp heile to gonger.