Personvern
EU si personvernforordning, General Data Protection Regulation (GDPR), vart i 2018 innført som norsk lov. Lova gjeld for alle som behandlar personopplysingar. Den nye lova er i stor grad ei vidareføring av tidlegare lovverk, men kravet til behandling av personopplysingar er skjerpa.
Norsk Forfattersentrum har tilpassa seg ny personlovgiving og opplyser difor om følgjande bruk og lagring av personopplysingar: Namn og fødselsnummer lagrar vi slik vi er forplikta til gjennom dei andre norske lovene for identifikasjon, ved eksempelvis inntektsrapportering saman med adresseopplysingar. Medlemmene sine produksjonslister og emne i stikkordsform blir lagra saman med kontaktinformasjon for å kunne skape kontakt med oppdragsgivarar og publikum. Opplysingane blir forsvarleg lagra i eit datasystem som Norsk Forfattersentrum rår over, og Norsk Forfattersentrum gir aldri opplysingar vidare med unntak for å oppfylle juridiske forpliktingar, for eksempel lovpålagt inntektsrapportering til skatteetaten.
Mellom forfattarar og publikum utvekslar vi opplysingar i den grad det er nødvendig for å kunne avtale oppdrag etter ynske frå medlemmen, og for å oppfylle formålet med verksemda til Norsk Forfattersentrum og forfattaren sin medlemskap. Sjå òg paragraf 1 i lovene til Norsk Forfattersentrum. E-postadresser og adresseopplysingar lagrar vi for blant anna for å kunne sende ut oppdragsskjema, oppdragsstadfestingar, utbetalingsslippar, medlemspost og samla årsoppgåver for inntekt. Medlemmen har rett til innsyn i kva opplysingar som er lagra og har rett til eventuell supplering og retting av opplysingane om seg sjølv. Om medlemskapet blir avslutta, vil personopplysingar det ikkje er anna lovpålagt grunn for å lagre vidare, bli sletta og anonymisert, om medlemmen ynskjer det.