Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Vår tids største humanitære katastrofe øydelegg Syria. Millionar tvingast på flukt. Alle snakkar om flyktningane og korleis vi bør hjelpe dei. Men mykje av det vi veit om flyktningane er basert på myter. I dette foredraget knusar forfattaren av boka Farvel, Syria. Om eit folk på flukt desse mytene og lar oss bli kjend med dei som har flykta frå heimane sine.
Emil André Erstad har skrive boka Farvel, Syria. Foto: Agnete Brun
I dette foredraget blir du kjend med nokon av dei som har forlate heimlandet sitt. Du blir kjend med det internasjonale systemet for flyktningar. Kva seier Flyktningkonvensjonen? Kva gjer FNs høgkommissær for flyktningar? Kva er forskjellen på ein asylsøkar og ein kvoteflyktning? Kvifor skal vi hjelpe flyktningar her når vi kan hjelpe flest der?
I løpet av dette foredraget vil du bli både rørt og opplyst. Du vil kjenne at du forstår meir av den verste humanitære katastrofa i vår tid. Du vil lære meir om menneska vi skal beskytte.
Integrert i forestillinga er lesingar frå boka Farvel, Syria. Om eit folk på flukt.
Foto:
Emil André Erstad
Emil André Erstad er tidlegare leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom, og jobbar no som rådgjevar for internasjonale spørsmål i Tankesmien Agenda. Han har tidlegare også jobba som rådgjevar og taleskrivar for partileiar Knut Arild Hareide. Han har studert samanliknande politikk ved UiB, har stor interesse for kva Norge kan bidra med i verda, og derfor eit stort humanitært engasjement.