Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Skrivelyst og skrivetips er tema når Sunniva Relling Berg fortel om og les frå bøkene sine. I løpet av ein skuletime snakkar ho om prosessen fram til ferdig bok, korleis ein byggar opp persongalleri og stader, inspirasjon og tekstjobbing. Det blir også tid til spørsmål og dialog med elevane.
Skrivelyst og skrivetips er tema når Sunniva Relling Berg fortel om og les frå bøkene sine. Debutboka hennar, Utfor, tar opp mobbing og det å stå utanfor, og kan gi rom for refleksjon og samtale rundt dette temaet. I tillegg snakkar ho om prosessen fram til ferdig bok, korleis ein byggar opp persongalleri og stader, inspirasjon og tekstjobbing. Det blir også tid til spørsmål og dialog med elevane.
Sunniva kan òg halde skrivekurs på 1-3 timar, der skriveglede og fantasi er dei viktigaste ingrediensane. Med korte og lengre skriveøvingar, vil elevane få bruke fantasien og utforske verda gjennom ord, og få innspel undervegs frå Sunniva. Ved hjelp av bilete og ord er det mange artige skriveøvingar ein kan forsøke seg på, som kan utfordre språket til elevane. Ønsket er at elevane skal sjå mulegheitene som finst, og kunne vere fri frå formelle krav om kva som kan vere og ikkje vere ein tekst. I løpet av kurset vil ein få meir kunnskap om dialog, det å skape personar, skildringar og korleis komme i gang med ein tekst.
Om utøverne
Foto:
Tove K. Breistein/ Samlaget
Sunniva Relling Berg
Sunniva Relling Berg har gitt ut bøkene Utfor (2011) og Beina i gitaren (2013). Utfor blei nominert til Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok, og ho har motteke prisar for forfattarskapen sin. Ho har òg bidratt med noveller i ulike antologiar, og ei barneforteljing i Monsterboka (2013)