Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Hausten 2019 gav Anders Totland ut biletboka Ut i rommet, som ved første augesyn handlar om Alva som drøymer om å reisa til månen. Men minst like mykje handlar boka om mennesket sin kamp om å erobra verdsrommet. Det handlar om kappløp og dyr, om berømte frasar og gløymde heltar. Det heile blir med som eit bakteppe i denne økta, der forfattaren prøver å få elevane med på både tankesprang og meir nøkterne refleksjonar rundt mennesket si ferd ut i det uendelege verdsrommet.
Ei reise ut i verdsrommet.
Tenk at det faktisk har vore nokon på månen! Alva drøymer også om å reise ut i rommet. Men må ho vente heilt til ho blir stor?
«Ut i rommet» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
I tillegg til historia om Apollo 11 si ferd til månen, er Ut i rommet proppfull av spennande fakta om verdsrommet.
Foto:
Marius Knutsen
Anders Totland
Anders Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, jobbar som journalist og organist, og held også føredrag om matauk. Han debuterte med barneboka Vampyrane i Eplehagen hausten 2015, og våren 2016 kom ungdomsboka Engel i snøen ut. Boka er så langt selt til Danmark, og Foreningen !les har brukt utdrag av boka både i årets txt-aksjon, Panser, og i neste års Tid for ti-kampanje. Når han ikkje jobbar, kokar han kaffi i skogen og fortel skrøner til ungane.