Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
L. Ands Dagbok er skriven av L. And, ei and med vass-skrekk. I boka skriv han om korleis han a) skal halde på løyndomen, og b) bli kvitt vass-skrekken (som jo er løyndomen).
Elevane blir inntrodusert for L. And og det eksistensielle problemet som han prøver å skjule for venene. Ein animasjon visast der L. And sjølv les frå boka si. Elevane skal i timen få ei lita oppgåve der dei skal gi tips og råd til L. And om kva han kan gjere for å bli kvitt vass-skrekken sin. Dette er som eit brev til L. And og inspirert av L. And sine skriverier. Elevtekstane blir i neste omgang ein del av prosjektet, i og med at det leggast ut på L. And si nettside og på hans Instagramkonto.. Annlaug har med seg både skrivesaker og dagbokspapir ved skolebesøk.
Foto:
Ingvild Auestad/ Samlaget
Annlaug Auestad
Annlaug Auestad har ein bachelor i illustrasjon/grafisk design frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen. Har også tatt praktisk pedagogisk utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen (Khib). Har skrive og illustrert bøkene Neppe og Kuvenninnene, begge utgitt på Samlaget. Har elles illustrert ei rekkje bøker. Medlem i NBK, Tegnerforbundet og Grafill.