Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
"Sognerosa" er ein roman med handling frå siste del av 1800-talet fram til 1905. Anne Karin Fonneland si farmor skal ha vore første næringsdrivande kvinne i Sogn og Fjordane ifølgje Fylkesleksikon, Sogn og Fjordane.
Foto: Kvinnheringen
Handlinga i romanen tek utgangspunkt i verkelege personar og miljø, men er likevel fiksjon. Kunstnarar frå inn- og utland kom for å måla landskapet og naturen. Turisme og gryande kraftutbygging gav nye arbeidsplassar og kulturell utveksling. Båtbyggjarar frå Hardanger reiste også til Sogn for å byggja båtar. Sognerosa er ein roman om venskap, solidaritet og kjærleik. Sognerosa er ein roman om å bli sterk nok til å ta eigne val.
Ingeborg Kristine og Lovise vert døypte med nokre vekers mellomrom i Vangsnes kyrkje i Sogn. Den eine vert skriven inn i kyrkjeboka som ægte, medan den andre vert ført inn som uægte. Dette skal få følgjer for dei to som veks opp i eit bygdemiljø prega av konfliktar mellom fastbuande og tilreisande. Det er ei tid med aukande turisme og endringar. Bondekultur med handverk, vevnad og treskjering møter bykultur.
Til dei frodige bygdene kjem også båtbyggjarar frå Hardanger og Kvinnherad. Jentene får merka det yrande livet ved sjøkanten, handels- og gjestgjevarstadane.
Anne Karin Fonneland fortel om bakgrunnen for at ho byrja å skriva romanen. Ho syner bilete og snakkar om stad, miljø og kjende personar som har fått plass i romanen.
Tid: ca ein time
Foto:
Kvinnheringen
Anne Karin Fonneland
Anne Karin Fonneland er ein norsk forfattar frå Sunde i Sunnhordland. Ho skriv prosa, lyrikk og sakprosa. Fonneland er medlem i Den Norske Forfatterforening og i NFFO.
Ho debuterte i 1996 med diktsamlinga Marmormjølk, og har sidan skrive fleire diktsamlingar, roman og barnelitteratur. Fonneland har studert psykologi, samfunnsvitskaplege fag og litteraturvitskap. Ho har hatt arbeid som lærar ved Kvinnherad Vidaregåande skule der ho har undervist i norsk og samfunnsfag.