Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Timothy mister seg sjølv handlar om ein mann som er glad og fornøgd. Men ein dag mister han ei tann. Dette blir starten på nokre dramatiske dagar i Timothy sitt liv.
Vegard Markhus vil først fortelje om bakgrunnen for boka. Deretter filosoferer han saman med elevane over kva det kan vere å miste seg sjølv. Elevane skal lære eit par songar som Timothy har laga, før forfattaren les boka og viser bileta på storskjerm. Til slutt lager dei eit rart bilete som blir sendt til Timothy.
Foto:
Stine Friis Hals
Vegard Markhus
Vegard Markhus bur i Bergen. Der arbeider han som lærar. Markhus har gjeve ut tre biletbøker for born: Redd, Timothy mister seg sjølv og God natt. Han har sjølv både skrive og illustrert bøkene. Når han får tid, prøver han dessutan å bli rockestjerne. Vegard har vore på fleire DKS-turnear i Hordaland og Sør-Trøndelag. For boka Timothy mister seg sjølv mottok han Nynorsk barnelitteraturpris. Boka vart i 2011 kåra til Årets bok av barneskuleelevar i Rogaland.
I 2015 ga han ut Epleslang, i serien Leseland frå Samlaget.