Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Vi er avhengige av kjærleik for å leve, men kvifor gjer kjærleik ofte så vondt?
Foto: Tove K. Breistein
I foredraget "Med kjærleg helsing Hilde Kvalvaag" fortel ho om kjærleikens plass i hennar skrift og liv, og den smertefulle kjærleiken hos forfattarar ho held høgt, som Tove Ditlevsen, Marguerite Duras, Albert Camus og Jean Rhys.
Ho vil snakke om korleis kjærleik kan redde oss gjennom vanskelege tider, og korleis kjærleiken til natur og litteratur er ein trygg stad, når menneske er så uforutsigbare å elske.
Hilde Kvalvaag heldt foredraget første gang i 2023 for Norsk Forfattersentrum Vestlandet med stor suksess. Med kjærleg helsing er en serie uformelle møter med forfattarar som snakkar om tema dei interesserer seg for, men som du kanskje ikkje veit at dei er opptekne av.
Foto:
Tove K. Breistein
Hilde Kvalvaag
Hilde Kvalvaag er forfattar og kunstterapeut. Ho jobbar med menneske med psykose-lidelse på Betanien DPS og Sandviken sykehus. Ho debuterte i 2003 med ungdomsromanen Hjarteklapp, om ei 13-årig jente som er redd for døden. Seinare har ho skrive romanar for både ungdom og vaksne, og har motteke ei rekke prisar for sitt arbeid. Mellom anna fikk ho Brageprisen i 2010 for ungdomsromanen Fengsla. I 2021 gav ho ut Djuphavsslettene, eit langt kjærleiksbrev til sonen Victor, som tok sitt eige liv i 2018.