Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Har du ei heks i familien? - Nei, svarer du sikkert, det finst jo ikkje hekser! Du har sjølvsagt rett. Det finst ikkje hekser i verkelegheita. Ikkje trolldom heller. Men om du hadde leitt langt bakover i slekta di, kan det hende du hadde funne ei heks likevel. Kanskje blei ho mistenkt for å drive med trolldom og brend på bålet her i Noreg, for fire hundre år sidan.
Aina Basso har skrive to bøker for barn og ungdom om dei norske og europeiske hekseprosessane: ungdomsromanen Inn i elden (2012) og ei faktabok for barn og ungdom, Heksejakt og heksebrenning i Europa (2016).
I dette forfattarmøtet fortel ho kva som eigentleg skjedde under den store heksejakta i Europa, kva ein trudde ei heks var og gjorde – og kva som skjedde med den som blei mistenkt for å drive med trolldom.
Ho fortel også om arbeidet med å skrive historiske bøker, om det detektivarbeidet det er å jobbe med historiske kjelder og om korleis det er å vere forfattar.
Om det er ønske om det frå lærar eller elevar, kan ho også kome med nokre smarte skrivetips. Og ho vil gjerne ha spørsmål frå elevane!
Foto:
Oda Berby
Aina Basso
Aina Basso er frå Giske. Ho er utdanna historikar og debuterte som forfattar med ungdomsromanen Ingen må vite i 2008. Boka tek for seg blodskam – eller incest – på 1700-talet, men inneheld også ei kjærleikshistorie, ein lysare tråd i det mørke.
Seinare har ho gitt ut to bøker om hekseprosessane i Europa: ungdomsromanen Inn i elden (2012) om ei heksejakt i Finnmark på 1620-talet og ei faktabok for barn og ungdom med tittelen Heksejakt – og heksebrenning i Europa (2016), som gir eit overblikk over den europeiske heksejakta, fortel historier om verkelege hekser frå mange land og dreg linjer inn i vår eiga tid.
For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012, samt Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris i 2013. Boka er omsett til fransk og dansk og blei nominert til Prix Pépites for beste ungdomsbok i Frankrike i 2015.
Aina Basso har også skrive to romanar for vaksne om det norske romanifolket/ taterane på 1700- og 1800-talet, Fange 59. Taterpige (2010) og Finne ly (2014).