Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Dette er eit godt, gamaldags forfattarbesøk der Terje les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing.
Terje har jobba som standup-komikar i tjue år og bruker mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans blir gjerne kalla for standup-bokbad. Torkildsen skreddarsyr alltid opplegget etter ønskjer frå lærarane og spørsmål frå elevane.
Om utøverne
Foto:
Marius Vervik
Terje Torkildsen
Terje Torkildsen har skrive sju ungdomsbøker, mellom anna Dystopia-serien, Stavanger Stories og den kritikarroste historiske sjøromanen Arrfjes. Han er blant dei mest populære ungdomsbokforfattarane i landet og den einaste som har vunne Uprisen to gonger. Terje Torkildsen er ein svært erfaren formidlar med meir enn tusen skulebesøk på CVen. Han er utdanna norsklektor og skriv på nynorsk.