Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Kan ein tapar vinne? Dovendyret Dag er lei av å komme sist i mål. Han øver og øver og trener og trener. Men reven Ronny er rask og slu. Kan Dag vinne konkurransen?
Martine les og fortel om dovendyret Dag som så gjerne vil vinne ein medalje. Ho har òg med seg ein heilt spesiell digital versjon av boka, der karakterane beveger på seg. Dei spring, dei klatrar og dei svømmer.
Som avslutning inviterer Martine barna til ein workshop-del, der dei saman skriv og teiknar. I tillegg får ungane brette ei lita Tapar-bok som dei kan ta med seg heim.
Om utøverne
Foto:
Hilde Ranheim/ Samlaget
Martine Grande
Martine Grande er forfattar, illustratør og animatør. Ho voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag, men bur no i Oslo. Til dagleg jobbar Martine i sitt eige animasjonsselskap, Grande Produksjon. I 2013 debuterte ho som forfattar med biletboka Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar, som også ligg føre som animasjonsfilm, biletbokapp og teater. Martine har òg skrive biletboka Dagen opp ned og lettlestboka Tapar.