Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
I fjæra lever dyr som dei fleste kjenner; krabbe, kråkebolle, reke og blåskjel. I denne førestillinga møter vi dei fargerike fjærefantane med kvar si fortelling på rim.
Konrad Kråkebolle er ei bok som dyra i fjæra. Boka er både ei naturfagbok, ei norskbok og ei kunstbok. I førestillinga vert elevane engasjert å leike med rimord og vers, fortelje om dyr dei har sett i fjæra og samstundes lære noko nytt om ein del av naturen som dei fleste kjenner. Forfattaren fortel også om arbeidet med å lage barneboka saman med illustratøren Per Ragnar Møkleby, gjennom å vise skisser og utkast til tekst og teikningar.
Foto:
Skald forlag
Lisbeth Dreyer
Lisbeth Dreyer har utgitt barnebøkene Øystein Øyenstikker, David og regnmesteren, Luisa & Ugla i tillegg til Konrad Kråkebolle. Ho har arbeidd med film og foto og har også gitt ut sakprosabøkene for vaksne; Vestlandshagen og Knud Knudsens album. Ho har turnert med Konrad Kråkebolle på skuler i Hordaland, og med andre foredrag på litteraturfestivalar, filmfestivalar, senioruniversitet og bibliotek.