Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Lurivar og det hemmelege skrinet er eit musikkteater for barn på småskuletrunnet. I framsyninga møter ein tunkatten Lurivar og ein kunstmålar som elskar illustrasjonane i biletbøkene han har med seg.
I tillegg har målaren med seg eit skrin som han passar godt på. Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane, men han er veldig nysgjerrig på kva som er oppi skrinet til kunstmålaren. Saman presenterer dei nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Dette er ei leiken framsyning der ein leikar seg med ord og bilete som finnest i bøkene frå før, men dei vil også leike seg med nye ord og kunstverk som dei lagar saman med barna under framsyninga.
Forfattar Lars Mæhle har skrive manus til framsyninga og Beate Lech har komponert musikken.
Foto:
Tove K. Breistein
Lars Mæhle
Forfattar Lars Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia. Filmen Keeper’n til Liverpool er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Gjennombrotet kom med Landet under isen, som mottok fleire prisar.
Beate Slettevoll Lech er norsk jazzvokalist, kjend frå ei rekkje utgjevingar og som leiar av det anerkjende orkesteret Beady Belle som ho etablerte i 1999 og skriv alle tekstar til. Beady Belle er også hennar eige artistnavn.
Lykke Kristine Moen frå Bergen er utdanna ved Bårdarakademiet si musikkteaterlinje 2006-2009. Etter utdanning har ho arbeidd som skodespelar, songar, instruktør, regissør og manusforfattar ved både institusjonsteater og privatteater. Lykke har ei av hovudrollene i TV3-serien Aber Bergen.