Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Dette er eit heilt annleis møte med Afrika: korleis eitt av verdas fattigaste land også kan vera rikt, i form av sterke menneske, kulturelt mangfald, eineståande historie.
Gjennom foto og forteljing møter elevane enkeltmenneske på sin eigen alder. Møtet med Etiopia og Afrika er også eit møte med oss sjølv; herifrå kom mennesket.
Abebe Bikila vann OL-gull på maraton berrføtt, og er eit symbol på styrke og framtidsdraum over heile Afrika.
Foto:
Anita Land
Svein Sæter
Svein Sæter er forfattar og har skrive 20 sakprosabøker, ofte med historiske tema. Han kåserer rundt om i heile Sør-Norge, ikkje minst om Etiopia. Oppsettinga er vist på mange skular i Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag. Svein er kjent som ein god formidlar, ikkje minst overfor unge.
Har har og redigert barnediktsamlinga Dikt frå Vårsøglandet.