Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
OMG er eit svart drama med knyttnevar, blod og pasjon For Maria er livet ein grenselaus fest. Men festen tek brått slutt då ho blir skyssa heim i politibil. Mora orkar ikkje meir, og Maria blir send til mormor med totalt mobilforbod. Hos mormor blir Maria fascinert av prestesonen Johannes, samtidig som ho har ein kjærast i byen. Her er det duka for eit klassisk kjærleiksdrama med både knyttnevar og blod. OMG er eit samarbeid med Leser søker bok.
Foto: Lars Myhren Holand
Velg om du vil ha eit digitalt forfattarbesøk på Zoom eller om du vil ha tilgang til video av forfattarbesøket. Når skulane opnar opp for ekte forfattarbesøk kan det avtalast at ho kjem i eigen høge person.
Ved bruk av live video via zoom får du bli med inn på forfattaren Ingelin Røssland sitt kontor/skrivestove.
Ho fortel om boka ungdomsboka OMG, og at emne til å fortelja ei god historie er viktigare enn rettskriving om du vil bli forfattar.
Ho les høgt frå boka, og det blir høve til å stilla spørsmål.
Produksjonen er lagt opp som eit tradisjonelt forfattarbesøk men i digitale former. Læraren blir lagt til som vertskap for sendinga sånn at ho/han har full kontroll på spørsmål og kommentarar undervegs. Læraren si datamaskin blir kopla til prosjektor og lyd, sånn at alle får med seg det som skjer.
Elevane kan stilla spørsmål via læraren si maskin. Det går an å prata eller skriva inn spørsmål i chatten. Det er også moglegheiter for at elevane kan logga inn i det digitale klasserommet frå eiga maskin eller telefon, men her avtalar me på førehand kva som blir best.
Først får elevane kikka rundt på forfattaren sitt kontor, før det blir opplesing, forfattaren fortel om skriveprosessen og det blir høve til å stilla spørsmål.
Opplegget kan i stor grad bli skreddarsydd til den enkelte klassen. Forfattaren og læraren tar ein samtale via zoom på cirka 30 minutt som førebuing til besøket. Dette forfattarbesøket passar best i grupper opp til 33 elevar.
Forfattarbesøk i opptak
Dette er eit ferdig innspelt forfattarbesøk på cirka 30 minutt. Forfattaren Ingelin Røssland fortel om vegen til å bli forfattar, skriveprosess og les frå ungdomsromanen OMG som kom ut i 2019. Boka er ein del av Foreningen !les sin txt aksjon 2020 og er såleis ekstra aktuell 2020/2021.
Undervegs i videoen er det ein liten quiz, så ha penn og papir klar.
De vil få tilsendt ein videolenke som er aktiv i heile 14 dagar!
Det geniale er at de til og med kan gi forfattarbesøket i norsklekse. Elevane kan få tilgang til opptaket, sjå videoen og svara på quizen og så kan de snakka om boka og forfattarbesøket etterpå i klassen.
Foto:
Joar. E.M Klette
Ingelin Røssland
Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge.