Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Produksjonen tar utgangspunkt i at vi alle er diktarar. Dikting er mykje meir enn bøker. Frå vi er heilt små har vi diktarevna, vi diktar når vi leikar, vi diktar når vi teiknar, vi diktar når vi dagdrøymer.
For nokon blir diktinga til bøker. Og forfattaren vil fortelja litt om sin veg til å bli forfattar, trass i det å ha ein snev av dysleksi og alle feila som kom i det som blei skrive på skulen og som nesten tok skrivelysta bort. Derfrå litt om det å velja å skriva lettlestbøker, bøker som ikkje skal vera lettvindte men kjekke å lesa også om ein slit med lesinga. «Aldri la nokon tru du ikkje er god nok. Go for it!» blir eit viktig ledd i formidlinga. Eg vil bruka boka Fly Thea, fly til å visa korleis diktinga, det å skriva eller det å teikna kan vera ein måte å kunna «fly» på. Vil lesa frå boka og gjennom det formidla Thea som fann sin veg med å teikna seg ut av det som kjentes vanskeleg. Diktinga som ein reiskap.
Om utøverne
Foto:
Privat
Bente Bratlund
Bente Bratlund har skrive over 30 bøker for barn og ungdom, mange av desse lettlest bøker. Har eit sterkt engasjement i «bøker for alle». Tema i bøkene har vore frå det mest alvorlege, som sjukdom, død, overgrep og einsemd til dei meir glade bøkene i serien om Hanna/Emma eller boka om Prompebroren. Bente Bratlund har forutan å skriva bøker for barn og unge også skrive romanar, dikt og nokre bestillingsverk. Og ho har halde skrivekurs for ulike grupper og turnert i fleire tiår for Den Kulturelle skulesekken.