Festspeldiktar
2023

Steffen Kverneland

Årets festspeldiktar er forteljar av stort internasjonalt format. Gjennom eit omfattande og rikt kunstnarskap utvidar Steffen Kverneland rommet for kva ei forteljing er – og kan vere – med sin særprega miks av biografi, teikneserie, foto, fortid og samtid.

Bilde av årets Festspilldikter Steffen Kverneland.

Foto: Hans Erik Lindbom

Årets festspeldiktar er forteljar av stort internasjonalt format. Gjennom eit omfattande og rikt kunstnarskap utvidar Steffen Kverneland rommet for kva ei forteljing er – og kan vere – med sin særprega miks av biografi, teikneserie, foto, fortid og samtid. Med sine virtuose teikningar og nøkterne språk formidlar han på meisterleg vis kva som formar eit menneske og ein kunstnar. Enten det handlar om ei brillegeit frå Haugesund si kunstnariske oppvakning, Edvard Munch, eller ein far som ikkje ville leve.

Steffen Kverneland blei fødd i 1963 i Haugesund og debuterte med eit bidrag i antologien KOnKsom 16-åring. Han laga også seriar for Norsk Mad og Brage før han gjekk i dialog med den litterære kanon og samtidslitteraturen. Først med debutalbumet De knyttede never i 1993, som var basert på ein roman med same tittel, av Øvre Richter Frich. Etterfølgd av Amputerte klassikere der han spesialiserte seg på burleske omformingar av litterære verk av mellom andre Tolkien, Knut Hamsun, Edgar Allan Poe, Vigdis Hjorth og Arne Garborg, for å nemne nokre. Samtidig teikna og skreiv han seg sjølv meir og meir inn i litteratur- og kunsthistoria. Det begynte med at han brukte seg sjølv, familie og venner i Slik har de det der og i Den store hattefesten – samt i den sjølvbiografiske Slyngel frå 2002. I samarbeid med Lars Fiske ga Kverneland i 2004 ut den kritikarroste Olaf G, om den norske biletkunstnaren Olaf Gulbransson, i ein fabelaktig miks av kunstnarbiografi og gonzoreportasje.

Med den moderne klassikaren Munch tar Kverneland i 2013 kunstnarbiografien til eit heilt nytt nivå. Som første teikneserieforfattar fekk han Brageprisen i klassa for sakprosa, og Munch blei av NRK kåra til ei av dei ti viktigaste bøkene dei siste ti åra. Boka blei omsett til ei rekke språk. Kvernelands nyskapande metode er framstillingar av sitat frå Munchs eigne skrifter og samtidige skildringar frå Munchs liv og karriere. Gjennom Kvernelands briljante gjenskapingar av Munchs bilete kjem vi tett på både Munch og Kverneland, og som alltid: med stort overskot, burlesk humor og djupt alvor. I tillegg til å vere ei kunnskapsrik og underhaldande innføring i Munchs liv og verk, fortel boka også historia om Skandinavias kunstnarbohem, brytningstid og modernismens tidlege år slik vi aldri har sett det bli framstilt før.

I Steffen Kvernelands forfattarskap bygger det eine verket på det andre, og er på den måten ei kontinuerleg utforsking av form og eksistensielle spørsmål. Med stadig nye uttrykk krinsar han rundt kunst, kunstnarliv, biografi og sjølvbiografi. I 2016 debuterte han som romanforfattar med Vampyr, ein gotisk røvarroman om den mørke løyndomen til Edvard Munch. Boka flyt over av blod og tung undergangssymbolikk og leikar såleis både med splatter- og skrekksjangeren i si utforsking av Munch-mytologien. Sjølv opptrer Kverneland som forfylla teikneserieskapar med eit kolossalt oppheng på Munch, på grensa til det maniske. Kverneland både skapar og ironiserer over sin eigen mytologi i fotefara til førebiletet sitt.

I 2018 vender Kverneland tilbake til det sjølvbiografiske med En frivillig død, som er eit vakkert og sårt portrett av far hans, som ikkje ville leve, men som ville vente med å døy til barna var myndige. Då Kverneland var 18 år, tok far hans livet sitt. Mange år seinare blei Kverneland sjølv far, og det fekk han til å reflektere meir og meir rundt relasjonen mellom far og son. No hugsa han fleire ting frå barndommen, som tidlegare hadde vore borte for han. En frivillig død er ei tragisk, men samtidig varm og humoristisk forteljing om Kverneland sin oppvekst i Haugesund på 1970 og 1980-talet. Boka er eit stort minnearbeid, og viser med emosjonelt trykk korleis minna kjem til oss stykkevis og delt, ofte som bilete og draumar, skildra attkjennande og allment. Kort tid etter En frivillig død, følgjer han opp med fleire oppvekstskildringar, Slyngel de luxe frå 2019 og Brillegeit i 2021, også her fortalt gjennom fragment, minne og anekdotar.

Brillegeit er ei var og sjølvironisk skildring av Kverneland sin veg inn i kunsten. Sitt første besøk på Munchmuseet skildrar han slik: «Bildene imponerte meg ikke. Jeg skulle nok klare det bedre selv når jeg ble litt eldre». Kverneland er som alltid tru mot teikneserieformatet når vi følgjer han gjennom ulike fasar og ismar til han finn forma si som teiknar på 1990-talet, alltid i tett dialog med kunstnarane før han. Boka Brillegeit er såleis både djupt personleg og ei stor kunstoppleving, som viser nye vegar for forteljarkunsten og kunstformidlinga.

I Munch siterer Kverneland ei oppblåst samtale mellom Edvard Munch og August Strindberg:

           Strindberg: Jeg er Nordens største maler!
           Munch: Er du det, så er jeg Nordens største dikter. Skål!

I same tone tillet vi oss å leggje til:
           I så fall er Steffen Kverneland vår tids begge delar!

Vi gratulerer Steffen Kverneland som årets festspeldiktar!

Arbeidsutvalet ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet
Marit Eikemo

Festspeldiktarane

1988

Olav H. Hauge

1989

1990

Kjell Askildsen

1991

Cecilie Løveid

1992

Einar Økland

1993

Agnar Mykles forfattarskap

1994

Eldrid Lunden

1995

Georg Johannesen

1996

Herbjørg Wassmo

1997

Jostein Gaarder

1998

Kolbein Falkeid

1999

Gro Dahle

2000

Kjartan Fløgstad

2001

Lars Amund Vaage

2002

Jan Erik Vold

2003

Dag Solstad

2004

Erna Osland

2005

Jon Fosse

2006

Ingvar Ambjørnsen

2007

Tone Hødnebø

2008

Ragnar Hovland

2009

Per Petterson

2010

Hanne Ørstavik

2011

Tomas Espedal

2012

Lars Saabye Christensen

2013

Inger Elisabeth Hansen

2014

Frode Grytten

2015

Øyvind Rimbereid

2016

Gunnar Staalesen

2017

Vigdis Hjorth

2018

Edvard Hoem

2019

Brit Bildøen

2021

Tormod Haugland

2022

Linn Ullmann

2023

Steffen Kverneland

2024

Trude Marstein

Kontakt

Sissel Kristensen

Har du spørsmål om Dei litterære festspela?

Sissel Kristensen