Festspeldiktar
2019

Brit Bildøen

Olaug Nilssen presenterer årets festspeldiktar Brit Bildøen.

Programmet til De Litterære Festspill 2019.

Korleis uttaler ein Brit Bildøens fornamn? Det er eit dra-ord med lang i, men det er det lett å gløyme, så mange køyrer på med sprett i konsonantane kvar gong dei seier noko til eller om henne. Og det er det jo mange som gjer. Ikkje berre er Brit Bildøen ein av Norges beste forfattarar, ho har også vore konsulent på Det Norske Samlaget i ei årrekke, site i styret til norske PEN, jobba i «Leser søker bok» og engasjert seg i Forfatternes klimaaksjon.

Det er ikkje uvanleg å uttale Brit Bildøens fornamn som Britt. Men ingen har høyrt henne verken klage eller protestere på dette, og det kjem vel av at ho har eit slikt mildt og behageleg vesen, at ho er snill og lun og sjølvoppofrande i litteraturen og ytringsfridomens teneste. Då romanen Mitt milde vesen kom ut i 2006, avslørte Bildøen at dette var noko ho fekk høyre ofte, at ho hadde eit slikt mildt vesen. På spørsmål frå Klassekampens journalist om romanen var sjølvbiografisk, eventuelt ein reaksjon på dette, sa Brit Bildøen nei. Det var berre det at ho hadde fått høyre det så ofte, og at ho tenkte det var ei fin setning som kunne brukast som romantittel. Likevel slutta ho intervjuet med å vedgå at det kunne vere irriterande å stadig høyre at ho er så mild: ”– Sier du det til en mann, er det nesten snakk om en kastrering, ikke sant? Jeg vil ikke være den milde. Fra nå av skal jeg være uforutsigbar og umulig!”

Og kanskje var ho det i sine neste to utgjevingar? Litterær salong frå 2009 vart i alle fall lansert på kvinnedagen med påstanden ”kvinners bøker teller ikke med” (Aftenposten, 4. Mars 2009). Brit Bildøen hevda då at kvinnelege forfattarar ikkje blei sett på same måte som menn, at dei ikkje fekk like mykje omtale, at dei ikkje like ofte blei nominerte til prisar og at dei risikerte misnøye frå store delar av kultureliten dersom dei fekk prisar – slik Elfride Jelinek opplevde då ho mottok Nobels Litteraturpris i 2004. Som svar på dette gav Bildøen ut ei samling tekstar om viktige kvinnelege forfattarar, blant andre Gertrude Stein, Carol Shields og Halldis Moren Vesaas. I det siterte intervjuet med Aftenposten, blei ho spurt om kvinners manglande sjølvtillit kunne vere ein del av problemet: ”Det er mulig vi må være mer skamløse og tydelige. Både når vi skriver og når vi presenterer oss i det offentlige rom. Gertrude Steins stormannsgalskap er kanskje ikke så sjarmerende, men den er absolutt noe å strekke seg etter.”

Brit Bildøens to siste utgjevingar, romanane Sju dagar i august frå 2014 og Tre vegar til havet frå i år, tematiserer kvinners framtoning – og kvinners sinne. Begge beskriv livskriser med påfølgjande sterke reaksjonar frå hovudpersonane. Det er eit kraftig og talande bilete når Sofie i Sju dagar i august , kallar rosetoga etter 22. juli for «å feste eit lite Hello Kitty-plaster over eit gapande sår», og boka viser også Sofies store, undertrykte sinne etter å ha mista eit barn på Utøya. Kvinna i årets roman, Tre vegar til havet, reagerer på eit avslag på adopsjonssøknad med å forfølgje og terrorisere sakshandsamaren.

Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og fremst til refleksjon, ikkje emosjon. Dei er litterært solide, gjennomtenkte og sobre. Brit med lang i er ein sofistikert forfattar, som behandlar sine tema med språkleg og strukturell sikkerheit. Forfattarskapen er ikkje mild, men han sprett ikkje uføreseieleg rundt som ein ball heller.

Vi er stolte av å presentere Brit Bildøen som Festspeldiktar for Dei Litterære Festspela i 2019.

Festspeldiktarane

1988

Olav H. Hauge

1989

1990

Kjell Askildsen

1991

Cecilie Løveid

1992

Einar Økland

1993

Agnar Mykles forfattarskap

1994

Eldrid Lunden

1995

Georg Johannesen

1996

Herbjørg Wassmo

1997

Jostein Gaarder

1998

Kolbein Falkeid

1999

Gro Dahle

2000

Kjartan Fløgstad

2001

Lars Amund Vaage

2002

Jan Erik Vold

2003

Dag Solstad

2004

Erna Osland

2005

Jon Fosse

2006

Ingvar Ambjørnsen

2007

Tone Hødnebø

2008

Ragnar Hovland

2009

Per Petterson

2010

Hanne Ørstavik

2011

Tomas Espedal

2012

Lars Saabye Christensen

2013

Inger Elisabeth Hansen

2014

Frode Grytten

2015

Øyvind Rimbereid

2016

Gunnar Staalesen

2017

Vigdis Hjorth

2018

Edvard Hoem

2019

Brit Bildøen

2021

Tormod Haugland

2022

Linn Ullmann

2023

Steffen Kverneland

2024

Trude Marstein

Kontakt

Sissel Kristensen

Har du spørsmål om Dei litterære festspela?

Sissel Kristensen