Lukk søk
På denne sida har vi samla alle arrangementa Norsk Forfattersentrum gjennomførte i 2023. Norsk Forfattersentrum arrangerer blant anna foredrag, festivalar, opplesingar, litterære samtalar, skrivekurs, formidlingskurs for forfattarar og ulike seminar og bransjetreff.
Festspeldiktar Steffen Kverneland i aksjon på Dei litterære festspela i Bergen. Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Tidenes første utgåve av Ålesund litteraturfestival gjekk av stabelen i januar 2023, og fekk umiddelbart eit stort og begeistra publikum. Norsk Forfattersentrum sit i styret til festivalen der blant anna Ghulam Abbas, Tore Renberg og Sunniva Relling Berg var på scenen for å snakke om utaforskap i litteraturen. Foto: Parken kulturhus
På Samenes nasjonaldag 6. februar arrangerte Perspekivet Museeum i Tromsø lunsjpoesi med Sollaug Sárgon i samarbeid med Norsk Forfattersentrum Nord-Norge.
Foto: Mari Hildung
I serien "Litteratur og generasjonar" inviterer Norsk Forfattersentrum Vestlandet to forfattarar frå to ulike generasjonar til eit scenemøte. Her møtest Olaug Nilssen og Gerd Brantenberg framfor eit utselt Logen Bar. Marie Amdam leia samtalen. Foto: Norsk Forfattersenrum Vestlandet
Martine Næss Johansen og Guro Sibeko fekk Wergelands åre 2023 for sitt engasjement for SLAM!. Utmerkinga vart delt ut på Forfattersentrum-årsmøtet 21. april.
Asieh Amini på scena under ÆÅ Trondheim litteraturfestival i mai 2023. Amini sit i programkomiteen til festivalen Norsk-Forfattersentrum Midt-Norge arrangerer. Foto: Jana Pavlova
Litterær vårfest i Harstad med Therese Bakkevoll og Elend Skjetne på scenen. Foto: Norsk Forfattersentrum Nord-Norge
Kari Anne Bye på Litterære Hagefest i Adrianstua i Trondheim i august 2023. Foto: Egil Swan Heistad
Kroning av Sigrid Agnethe Hansen på Litteraturfest i Harstad. Foto: Øivind Arvola
Litteraten i Tromsø: Debutant Jon-Are Masternes, også kjent som tromsørapperen Klish, i samtale med Morten Wintervold.
Korgafest: Arrangemensserien "Linn Ullmans knytkalas" vart ein stor suksess på Deichman Majorstuen hausten 2023. Her held Mona Høvring på å pakke ut sine gåver til Ullmann. Foto: Espen Gees
Kvart år inviterer Norsk Forfattersentrum årets debutantar og nye medlemmer til debutanttreff. Målet er å gi dei ferske forfattarane ei rask innføring i livet i litteraturformidlingsbransjen, men minst like viktig, er det at forfattarane får presentert seg sjølv og bøkene sine for administrasjonen og kollegaene. Her viser Oda Valle fram debutboka Esters univers – bonusbror og marsvintrøbbel (Aschehoug, 2023). Foto: Espen Gees