Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Olaug Nilssen og Gerd Brantenberg er begge politisk orienterte forfattarar som på kvar sin måte skriv slagkraftig om ulike tema. Ein kan hevde at aktivisme, sans for rettferd og det å stå på barrikadane for andre har ein viktig plass i produksjonen deira. Dei to er fødd med 36 års mellomrom og representerer sånn to ulike generasjonar. Ifølge Store norske leksikon betyr ordet generasjon slektsledd, eller individ som er fødd på omtrent same tid. Ordet viser også til menneskealder, i tydinga at det lever fleire generasjonar på samme tid. I litteraturen snakkar ein gjerne om litterære generasjonar når ein vil visa til forfattarar som er likesinna eller bundne saman av tematiske fellestrekk og stilformar. Men, også om ein vil undersøkje vennskap, kunstnerisk nærleik eller avstand mellom skrivande i ulike aldrar.
DEL
Foto: Bent R. Synnevåg og Ketil Blom Haugstulen/Khrono
I denne arrangementsrekka vil publikum få møte forfattarar som frå eit biologisk perspektiv representerer ulike generasjonar. Samtalane vil krinse om kva som forbind dei, kva som skil dei, om å føle slektskap til andre forfattarar, litterære tradisjonar og strømningar. Korleis påvirker tida vi er fødd inn i blikka og preferansane våre, ja, vår forståing av kunst og dermed av livet generelt?
Samtala vert leia av Marie Amdam. I Skifte, 3. høgda (tidl. Logen Bar), Det Vestnorske Teateret