Med kjærleg helsing Sivert Nesbø

For somme er fjella ei grense ein må krysse for å komme seg vekk, for andre er dei veggar rundt tilværet.

Med kjærleg helsing Sivert Nesbø

Foto: Paal Audestad

Arne Næss vaks opp farlaus, og gav Hallingskarvet namnet «Det gode lange livs far». Det er få ting som representerer fastleik og slitestyrke meir enn eit fjell, men fjella kan òg fylle avgjerande funksjonar i eit menneske sitt liv. Sivert Nesbø snakkar om sitt forhold til fjell i denne utgåva av «Med kjærleg helsing».

Sivert N. Nesbø er forfattar og akademileiar ved Skrivekunstakademiet. Han debuterte i 2013 med romanen Skårgangar, og har sidan gjeve ut eit knippe kritikarroste bøker, mellom dei romanar og ei illustrert barnebok. I 2021 kom hans førebels siste utgjevingar, romanen Varme og vatn, samt Framom døden, ei omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying. For den siste vart han nominert til Bastianprisen for beste omsetjing.

På Skifte (Tidlegare Logen bar), Det Vestnorske Teateret

Kl. 19.30 (varigheit ca 1 time)

Gratis inngang Og, du treng ikkje booke plass, berre møt opp!

Med kjærleg helsing er en serie uformelle møter med forfattarar som snakkar om tema dei interesserer seg for, men som du kanskje ikkje veit at dei er opptekne av. Av Norsk Forfattersentrum Vestlandet, i samarbeid med Det Vestnorske Teateret. Arrangementet er støtta av Fritt Ord og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa