Møt Gunnar Wærness og Tilde Bogen i konseptet Litteratur & generasjonar!
Gunnar Wærness debuterte i 1999 og har sidan gitt ut ei rekke diktsamlingar. Tilde Bogen debuterte med sin første diktsamling i fjor. Dei to poetane er fødd med 30 års mellomrom, og representerer altså to ulike generasjonar. Ifølge Store norske leksikon tyder ordet generasjon slektsledd, eller individ som er fødd på omtrent same tid. Ordet viser også til menneskealder, i tydinga at fleire generasjonar lever på same tid. I litteraturen snakkar ein gjerne om litterære generasjonar når ein vil vise til forfattarar som er likesinna, eller deler fellestrekk som tema, stil og form. Men også om ein vil undersøke vennskap, kunstnarisk nærleik eller avstand mellom skrivande i ulike aldrar.
I denne arrangementsrekka kjem publikum til å møte forfattarar som frå eit biologisk perspektiv representerer ulike generasjonar. Samtalane kjem til å kretse om kva som forbind dei, kva som skil dei, om det å kjenne slektskap til andre forfattarar, og om litterære tradisjonar og strøymingar. Korleis påverkar tida vi er fødd inn i måten vi ser og orienterer oss på, ja i det heile: forståinga vår av kunst, og dermed av livet generelt?
Samtalen vert leia av forfattar og kritikar Sandra Lillebø.
Kvar: Skifte på Det Vestnorske Teateret
Når: Tysdag 21. november, kl.19.00
Er det gratis inngang? Ja! Det er ikkje naudsynt å booke billett, berre møt opp!
Gunnar Wærness er forfattar, gjendiktar, den eine delen av kunstnarduoen Brødet og Eselet, og undervisar ved Skrivekunstakademiet. Han debuterte i 1999 med diktsamlinga Kongesplint, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Sidan har han gitt ut 8 diktsamlingar. Kosmos' beibi er den siste førebels, og kom tidlegare i år. For samlinga Venn med alle (2018) ble Wærness nominert til Brageprisen. I vår fekk Gunnar Wærness Doblougprisen for sitt samla forfattarskap.
Tilde Bogen debuterte i fjor med diktsamlinga Avhandling om snøskred, som vart nominert til Tajei Vesaas debutantpris. Bogen er masterstudent i Nordisk språk og litteratur ved UIB, har tidlegare skrive for tidsskriftet Prosopopeia, og arbeider for tida med si andre bok.
Litteratur & generasjonar er ein arrangementsserie i regi av Norsk Forfattersentrum Vestlandet, eit samarbeid med Det Vestnorske Teateret. Serien er støtta av Fritt Ord og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.