Litterær vårfest – Tallboy

Erlend Skjetne i samtale med debutant Therese Bakkevoll. Bakkevoll si fyrste bok, «Tallboy» er ei annleis kjærleiksforteljing, der einsemd, begjær og overskridingar viskar ut grensene mellom kven som er sjuk og kven som er frisk. ‍

Litterær vårfest – Tallboy

Therese Bakkevoll. Foto: Marius Fiskum.

På eit psykiatrisk sjukehus kjempar både tilsette og pasientar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den tidlegare skodespelaren Katharina skiftar namn og set opp teater i tv-stua.

Sjølv er miljøterapeuten T på randa etter søvnlause netter. Frå vindauget på avdelinga ser ho over til staden der krigsskipet Tirpitz blei bomba, og som farfar hennar var med på å hogge opp etter krigen. No ligg han for døden og all direkte kunnskap om det som skjedde, er i ferd med å forsvinne. Og då ein ny pasient, som påstår at han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagt, gir ho seg over til han – til det einaste mennesket som ser henne for den ho verkeleg er.

Therese Bakkevoll (f. 1975) kjem frå Tromsø og bur her. Ho har studert ved Litterär Gestaltning i Göteborg og ved Forfattarstudiet i Tromsø, og har tidlegare hatt tekst på trykk i Signaler 2019 og i Slutten på historia: nye nynorske noveller. Tallboy er den fyrste boka hennar.

Nordic pub, Harstad
Billettar: kr 100
Kjøp billett: her
Aldersgrense: 18 år

«Elegant... Mesterlig komponert... Det er ikke så ofte at jeg leser bøler som jeg ikke klarer å slutte å tenke på, og heller ikke klarer å slutte å snakke om. Men denne boka har festet seg i kropp og sinn og ser ikke ut til å slippe taket så lett... uten tvil den beste boka jeg har lest hittil i år.»
– SOLGUNN SOLLI, ALTAPOSTEN (TERNINGSKAST 6)
«God debutroman om psykiatri, kjærlighet og krigshistorie. [...] Det er dels en rapport fra en psykiatrisk institusjon, men også en morsom fortelling på den måten det tragiske ofte kan være komisk [...] Men det dominerende inntrykket er en melankoli eller grå dysterhet som hviler over sidene. Selv situasjoner som i utgangspunktet er lettere, har en illevarslende undertone av tungt, dirrende alvor i denne overbevisende debutromanen.»
– SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD

Les intervju med forfattaren: her

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa