Vi er avhengige av kjærleik for å leve, men kvifor gjer kjærleik ofte så vondt? Til Med kjærleg helsing 18.oktober kjem Hilde Kvalvaag for å snakke om kjærleikens plass i hennar skrift og liv, og den smertefulle kjærleiken hos forfattarar ho held høgt, som Tove Ditlevsen, Marguerite Duras og Jean Rhys.
Ho vil snakke om korleis kjærleik kan redde oss gjennom vanskelege tider, og korleis kjærleiken til natur og litteratur er ein trygg stad, når menneske er så uforutsigbare å elske.
Hilde Kvalvaag er forfattar og kunstterapeut. Ho jobbar med menneske med psykose-lidelse på Betanien DPS og Sandviken sykehus. Ho debuterte i 2003 med ungdomsromanen Hjarteklapp, om ei 13-årig jente som er redd for døden. Seinare har ho skrive romanar for både ungdom og vaksne, og har motteke ei rekke prisar for sitt arbeid. Mellom anna fikk ho Brageprisen i 2010 for ungdomsromanen Fengsla. I 2021 gav ho ut Djuphavsslettene, eit langt kjærleiksbrev til sonen Victor, som tok sitt eige liv i 2018.
På Skifte (tidlegare Logen bar), Det Vestnorske Teateret
Kl. 19.30 (varigheit ca 1 time)
Gratis inngang
Med kjærleg helsing er en serie uformelle møter med forfattarar som snakkar om tema dei interesserer seg for, men som du kanskje ikkje veit at dei er opptekne av. Av Norsk Forfattersentrum Vestlandet, i samarbeid med Det Vestnorske Teateret. Arrangementet er støtta av Fritt Ord og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.