Aksjon skolebibliotek på Stortinget

Saman med 13 andre organisasjonar arbeider Norsk Forfattersentrum for å styrke norske skolebibliotek. I dag var aksjonsgruppa i budsjetthøyring på Stortinget.

 

Eit norsk skolebibliotek fotografert i 2017.

 

Nina Bigum Udnesseter, leiar for Skolebibliotekarforeningen. Skjermbilde frå Stortinget TV.

Kristine Isaksen frå NFFO og Nina Bigum Udnesseter frå Skolebibliotekarforeningen møtte til høyringa på vegne av Aksjon skolebibliotek. Der presenterte dei status for norske skolebibliotek, som kjapt oppsummert, er at kvaliteten på tilbodet til elevane er svært varierande. Nokre elevar har ikkje eit tilbod i det heile: I undersøkinga Spørsmål til skole-Norge 2020 kjem det fram at 13 prosent av barne- og ungdomskolene i Norge er heilt utan skolebibliotek.

Opplæringslov og leselyststrategi
Udnesseter understreka at Aksjon skolebibliotek ser på skolebiblioteka som ein arena for å stogge den aukande ulikheita i Norge:

– På skolebibliotek har alle barn og unge tilgang til å lese og låne bøker uansett sosial bakgrunn. I dag er skolene i for høg grad avhengige av den enkelte engasjementet til kvar enkelt rektor.

På vegne av Aksjon skolebibliotek ba Isaksen og Udnesseter derfor om at Stortinget lovfestar ein plan for skolebibliotek som inneheld krav om bemanning, opningstider og bokbudsjett.

– Når det gjeld årsakene til at nokon ikkje har skolebibliotek, blir det vist til plassmangel, økonomi og mangel på kompetanse. Derfor treng vi eit nasjonalt skolebibliotekløft som inneheld krav om bemanning, opningstider og bokbudsjett. Dette for å utjevne forskjeller, slik at alle barn og unge får same tilbod i hele landet, sa Udnesseter.

Innkjøpsordning og kvalitetsutvikling
Når regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett foreslår å sette av 7,5 millionar kroner ekstra til kvalitetsutvikling av skolebiblioteka, er det kjærkomne pengar som Isaksen og Udnesseter på vegne av Aksjon skolebibliotek ba om at blir innført som ei permanent ordning. Dei understreka likevel at dette må vere midlar som kjem i tillegg til at innkjøpsordninga for skolebibliotek også blir permanent.

Innkjøpsordninga til skolebiblioteka har vore ei treårig prøveordning som no er forlenga med eit år.