Skal du på årsmøtet?

Dette må du vite før årsmøtet i Norsk Forfattersentrum førstkommande fredag.

Tilsette i Norsk Forfattersentrum klare for fjorårets årsmøte på Factory Tøyen, der også årets årsmøte vert arrangert. Foto: Espen Gees.

Årsmøtet 2024 finn stad på Factory Tøyen i Oslo fredag 25. april klokka 18.00. Møtet startar presis, og vert avslutta 22:00.

Dørene er opne frå klokka 17.15 for registrering.

Årsmøtepapira

Påmeldingsfristen til årsmøtet var torsdag 27. mars. Årsmøtepapira finn du her:

Vi minner om at du må vere påmeldt årsmøtet og ha betalt medlemskontingenten for å ha stemmerett på møtet.

Mat og drikke

Vi serverer kaffe, te og vatn når de kjem til Factory Tøyen, og etter sjølve årmøtet vert det pølsefest, øl, vin og brus. Vi serverer to variantar pølser – ein utan mjølk og gluten, og ein vegansk variant. For dei som vil vidare ut i den lyse vårnatta vert det lagt opp mulighet for dette også, men då for eiga rekning.

Finn fram

Var du på årsmøtet til Norsk Forfattersentrum i 2024, møtest vi altså på nøyaktig same stad som i fjor. Adressa til Factory Tøyen er Kjølberggata 21, 0653 Oslo. T-bane og 20-buss går så og seie til døra.

Når du kjem fram til Factory Tøyen skal du ikkje gå inn hovudinngangen, men halde fram opp vegen på baksida:

Gå vidare langs heile bygningen ...

... og rundt hjørnet i enden, der det er ei trapp. Årsmøtet finn stad opp trappa og inn denne døra:

Reiserefusjon

Reiserekning med bilag må vere oss i hende seinast to veker etter årsmøtet. Her har vi vorte veldig strenge, så pass nøye på fristen.

Forfattersentrum dekker også overnatting innan ei viss grense, så lenge bustaden din er utanfor Oslo og Akershus. Dei som skal ha overnatting veit sjølv kven dei er, og skal ha fått nødvendig informasjon. Har de spørsmål om overnatting kan dei rettast til Gro Kjernli på dagtid onsdag og torsdag, og heile fredag.

Velkommen alle saman!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.