Var det grønt

Kven skal gråte for den siste haren?

Var det grønt er ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest, som spring ut av ein klar augeblink i ei elles mørklagd verd. I den stunda da tilværet tar slutt, grip dikta etter det som var, glimt frå ein morgon ved frukostbordet, lydane frå ein radio, ein platespelar eller ein trikk, ei gryande kjensle av at noko er i endring: minne som er i ferd med å forvitre saman med elgen og haren, med eksistensen og ordet.

vil hugse

men

den eine lukta

solvarm stein

er eitt

med den eine smaken

sandkorn

det eine minnet

skrifta i greinene

er eitt

med det eine håpet

var det grønt