Lukk søk
I denne boka fortel Reidun Mellem om bestefar sin, Lars Johan Larsen (1866–1946), ein kven frå Storfjord i Nord-Troms. Det er ei forteljing om fruktene av hardt arbeid, men òg eit studium av eit folk: Med livet til bestefaren som prisme kastar Mellem lys over den kvenske kulturen i Nord-Noreg, og ho skriv levande om ei rekkje viktige, men til dels gløymde historiske hendingar.