Kulturtanken lanserer DKS-portal

Frå og med i haust er det slutt på at kunstnarar som vil på turné i Den kulturelle skulesekken må sende søknader til eitt og eitt fylke. 2. september lanserer Kulturtanken sin nye DKS-portal med felles søknadsfrist for heile landet.

Kunstnarar som vil på turné i Den kulturelle skulesekken, skal frå og med i haust søke via Kulturtanken sin nye DKS-portal. I den nye portalen skal utøvarar på turné også få tilgang til turnéplan m.m. Portalen blir lansert 2. september, og søknadsfrist for skuleåret 20/21 er 1. oktober.

Du finn ei innføring i korleis portalen vil fungere på Kulturtanken sine nettsider: Her!

Verd å merke seg er at Kulturtanken ikkje har valt å kalle utøvaren som vil på turné for søkar, men forslagsstiller. I portalen kan forslagsstiller presenterer sitt forslag til ein produksjon han eller ho ønsker å reise på skuleturné med. Forslaga blir samla i ein produksjonsbank fylka og direktekommunane kan velje produksjonar frå.

Har du spørsmål om Den kulturelle skolesekken eller litterære produksjonar, finn du meir informasjon her! Vi svarar sjølvsagt også gjerne på spørsmål frå medlemmer som skal søke om å få reise på turné via den nye DKS-portalen.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene