Gratis skrivekurs til ungdom over heile landet

Denne hausten får ungdom over heile landet tilbod om gratis skrivekurs gjennom prosjektet #PostkodeNorge.

Prosjektet #PostkodeNorge blir leia av Norsk Forfattersentrum i samarbeid med lokale arrangørar. Nye og talentfulle forfattarar vil i løpet av hausten fasilitere kurs og kreative seminar frå Karasjok i nord til Lillesand i sør. Målet er å bidra til at unge med ulik bakgrunn lærer seg korleis dei kan koma til orde.

Les meir om kvart enkelt skrivekurs her:

Fleire arrangement er under planlegging, og alt saman har vore mogleg å realisere takka vere støtte frå Kulturdirektoratet.