5430 Bremnes

Er du mellom 13 og 19 år og har lyst til å bli litt flinkare til å seia kva du meiner? Bli med på gratis workshop med teikneserieskapar Therese G. Eide!

5430 Bremnes

Kva meiner du?

Folk meiner noko heile tida. På SOME, på skulen, i politikken, i familien, i vennegjengen. Om du tenkjer over det, går vi rundt og meiner noko dagen lang. Alt er ikkje like viktig, men kvardagen er uansett full av meniningar. For å få eit best mogleg samfunn, også for unge, er det viktig at din stemme blir høyrt. Har du lyst til å bli litt flinkare til å seie kva du meinar? Bli med på gratis workshop med teikneserieskapar Therese G. Eide! Ho kjem til Bømlo folkebibliotek og held kurs i to delar, der du lærer korleis du gir uttrykk for kva du meiner i teikneserieformat. Du lærer å kombinere ord og bilde, og korleis ansiktsuttrykk, kroppsspråk og gester – alt det visuelle – heng saman med korleis ein gir uttrykk for meiningar.  Dette er noko Therese kan mykje om. Du treng ikkje ha særleg erfaring med verken å teikne eller skrive for å delta på kurset. Teikneseriar handalr ikkje om å lage dei vakraste bilda, men om å fortelje og formidle ved hjelp av teikningar. Her kan du lære å bli bedre til akkurat det, samstundes som du kan meine noko om nett det du vil!

Gratis workshop for deg mellom 13 og 19 år

Kvar: Bømlo folkebibliotek, Kulturhuset, Kulturhusveien 20, 5430 Bremnes

Når: Tysdag 8. og onsdag 9. oktober, kl.12.00 til 16.00, gratis mat!

Meld deg på i skjemaet under!

#POSTKODENORGE er ei kreativ pakke som inspirerer ungdommar til å lesa, å skriva og å ytra seg.

Arrangør: Norsk Forfattersentrum i samarbeid med Bømlo folkebibliotek. Støtta av Kulturdirektoratet

Påmelding

Skjemaet er sendt!
Du skal ha fått ein kopi på e-post. Dersom du ikkje får tilsendt kopien (sjekk gjerne søppelfilteret også), kontakt #PostkodeNorge-ansvarleg Ida Endestad.
Oops! Something went wrong while submitting the form.