Med kjærleg helsing Alf Kjetil Walgermo

Kvinnene i Bibelen har stått i skuggen av menn. Like fullt spelar dei hovudroller i nokre av verdslitteraturens sterkaste forteljingar. Fleire av dei har gått i bresjen for vår tids kvinnekamp. I kveld kjem Alf Kjetil Walgermo for å snakke om nokre av dei viktigaste, modigaste og smartaste kvinnene i verdas mest lesne bok – og korleis fleire av kvinnene er blitt haldne nede av teologiske og populærkulturelle tolkingar.

Med kjærleg helsing Alf Kjetil Walgermo

Foto: Agnete Brun

Tid og sted:  Logen bar, Det Vestnorske Teater, kl. 19.00. Dørene opnar kl. 18.30

Inngang: Gratis

Alf Kjetil Walgermo er forfattar og journalist i Vårt land. Han debuterte skjønnlitterært i 2006 med ungdomsboka "Mestermøter", der han gir stemme til hundre personar som skal ha møtt Jesus. Sidan har Walgermo skrive kritikarrosa bøker for barn, ungdom og vaksne og er oversett til ei rekke språk. "Mor og far i himmelen" (2009), "Mitt bankende hjerte" (2011) og "Kjære søster" (2015) kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. Walgermo har også skrive fleire sakprosabøker om bibelen, deriblant "Røff guide til bibelen"(2017), ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til bibelen. I 2020 kom "Bibelens kvinner. Historiene som forma verda" som belyser dei mange kvinneskikkelsane som i bibelforteljingane stort sett står i skuggen av menn.

Med kjærleg helsing er ein serie uformelle møter med forfattarar, som snakkar om tema dei interesserer seg for, men som du kanskje ikkje veit at dei er opptekne av.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er støtta av Fritt Ord.