Bransjeseminar for litteratur og utvikling (BLU)

Vil du henge med på dei viktigaste diskusjonane i litteraturfeltet? Kom på piloten for det nye årlege bransjeseminaret!

Bransjeseminar for litteratur og utvikling (BLU)

Utviklingsarbeid 1968: Norsk Forfattersentrums fyrste daglege leiar Bjørn Nilsen og senterets fyrste sekretær Ingrid Drage. Foto frå arkivet til Norsk Forfattersentrum.

Torsdag 6. februar

Kl. 19 | Mingling og fingermat
Velkommen med Marit Eikemo.

Kl. 20.00 | Kunstnarisk program

«Kjære alle saman» med Frode Grytten
I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar over heile landet. 17. mai-pynta ungdomshus, pressekonferansar, politiske landsmøte og gløymde talarstolar. Frode Grytten har late seg inspirere av desse bileta og skrive dikt og prosa, som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida. Kanskje vil han også refse og kommentere den norske litteraturbransjen?

«Huntstunt» med Ingrid Storholmen
Med boka Bloddråpetall gir Ingrid Storholmen liv til menneske og samfunn bak tala i helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT). Storholmen og skodespelar Øystein Kanestrøm isceneset tekster frå den kritikarroste boka.

«Sa ka la» – Special edition
«Sa ka la», sa Jon Fosse då han i 2004 skulle namngi det nye teaterstykke sitt om kva som skjer når menneske mistar språket sitt. I Litteraturhusets månadlege serie Sa ka la tar Mats Tønjum Alfsen med seg lokale forfatterspirer for å lese egen poesi og prosa. Hver kveld kommer også en æresgjest, en mer etablert bergensar eller Bergen-beboer. Med denne programserien trekt til seg eit stort og nytt litteraturinteresserte publikum i Bergen. Vi får ein special edition av «Sa ka la» med opplesingar frå byens unge upubliserte, mellom andre Isak Fredrik Store og Emma Eggen.

«Kjære alle saman»
Frode Grytten avrundar programmet.

Fredag 7. februar

Kl. 08.30 | Kaffi og mingling
Registrering.
«Kjære alle saman» med Frode Grytten.

Kl. 09.00 | Oppspark
Trine Skei Grande, direktør i Forleggerforeningen: Kvifor treng litteraturfeltet eit bransjeseminar?

Kl. 09.30 | Bransjetal
Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar: Kva betyr bransjens statistikkar – og korleis kan vi bruke dei? Samtale i plenum om bibliotekstatistikk jamfør salsstatistikk: Korleis kan vi presentere og bruke bransjetala i bransjeseminaret?

Pause

Kl. 10.30 | Lesesituasjonen
Innleiing ved Henriette Lund, Ph.d. ved Nationalt videncenter for Læsning, Danmark. Om likheter og forskjeller til Norge. Samtale i plenum.

Kl. 11.30 | Kor fritt er det frie ordet i krisetider?
Innleiing ved Knut Olav Åmås, direktør for Fritt Ord.
Samtale i plenum om vilkåra for den offentlege samtalen om litteratur.

«Kjære alle saman» med Frode Grytten.

Kl. 12.30–13.30 | Lunsj

Kl. 13.30 | Internasjonalisering
Innleiing ved Margit Walsø, direktør for Norla. Om internasjonalisering, norsk litteratur i utlandet, agentur, utanlandsk oppkjøp i norsk bransje, omsetjarar og forlag.

Kl. 13.45 | Framtidas forleggeri
Innleiing ved Tine Kjær, direktør Cappelen Damm. Om moglegheiter og utfordringar med digitale plattformar, ny litteratur og KI.  Samtale i plenum.

Kl. 14.30 | Fred er ei det Beste, men at man Noget vil (Bjørnstjerne Bjørnsson)
Korleis kan ein nasjonal bransjefestival bidra til å styrke forfattarstanden i møte med dagens utfordringar og framtidas scenario? Plenumssamtale. Ingar Johnsrud, styreleiar i Norsk Forfattersentrum, er ordstyrar.

«Kjære alle saman»
Frode Grytten oppsummerer.

Kl. 16.15 | Programslutt

Merk: Det kan koma endringar i program og tidsplan.

Spørmål kan rettast til vest@forfattersentrum.no


Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune og Norsk Forfattersentrum.
Det kunstnariske programmet blir gjennomført i samarbeid med Litfest Bergen  og Litteraturhuset i Bergen.
Tusen takk til alle som bidreg med innhald og diskusjonar!

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa