Er du mellom 13 og 19 år og har lyst til å bli litt flinkare til å seia kva du meiner? Eller er du mest interessert i teikning? Du kan uansett bli med på gratis workshop med teikneserieskapar Therese G. Eide i vinterferien!
Folk meiner noko heile tida. På SOME, på skulen, i politikken, i familien, i vennegjengen. Om du tenkjer over det, går vi rundt og meiner noko dagen lang. Alt er ikkje like viktig, men kvardagen er uansett full av meniningar. For å få eit best mogleg samfunn, òg for unge, er det viktig at stemma di blir høyrt.
Har du lyst til å bli litt flinkare til å seia kva du meiner? Bli med på gratis workshop med teikneserieskapar Therese G. Eide!
Therese G. Eide kjem til Kristiansand folkebibliotek og held kurs i to delar, der du lærer korleis du gir uttrykk for kva du meiner i teikneserieformat. Du lærer å kombinere ord og bilde, og korleis ansiktsuttrykk, kroppsspråk og gester – alt det visuelle – heng saman med korleis ein gir uttrykk for meiningar. Dette er noko Therese kan mykje om. Du treng ikkje ha særleg erfaring med korkje å teikna eller skriva for å delta på kurset.
Teikneseriar handlar ikkje om å laga dei vakraste bilda, men om å fortelja og formidla ved hjelp av teikningar. Her kan du bli betre til akkurat det, samstundes som du kan meina noko om det du vil!
Gratis workshop for deg mellom 13 og 19 år
Stad: Kristiansand folkebibliotek
Tid: Tysdag 18. og onsdag 19. februar, kl. 13.00 til 16.00
Påmelding: eva@forfattersentrum.no eller Kaia.Pihl@kristiansand.kommune.no
Vi serverer gratis mat!
Kurset er et samarbeid mellom Norsk Forfattesentrum Sørlandet og Kristiansand folkebibliotek og er støtta av BUDIR