Velkommen til andre utgåve av arrangementsserien Mellom sjangrar, eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordland kunstsenter, der kunstnarar og forfattarar blir inviterte til å presentere sjølvvalde litterære verk som ikkje så lett let seg sjangerdefinere.
Torsdag 13. februar kjem kunstnar og forfattar Lene Berg til Hordaland kunstsenter, for å presentere boka Stiløvingar (1947) av Raymond Queneau (originaltittel: Exercices de style). I Stiløvingar får forteljaren auge på ein mann på S-bussen i Paris, som han ser igjen seinare same dag, i ein situasjon der ein ven av mannen rådar han til å sy inn ein ny knapp på frakken. Dette tilsynelatande enkle narrativet blir fortald 99 gonger, på 99 ulike måtar, i 99 ulike stilar.
Boka har fått status som ein moderne klassikar, og er omsett frå fransk til 35 ulike språk. I 1958 kom den ut på engelsk, omsett av Barbara Wright, og i 1996 på norsk, omsett av Ragnar Hovland.
Som ein del av presentasjonen vil Lene Berg vise filmen Mannen i bakgrunnen (2006), som ho laga med inspirasjon frå nettopp Stiløvingar. Presentasjonen vil føregå på norsk
Når: Torsdag 13. februar, kl.19.00. Varighet omlag 1 time.
Hvor: Hordaland Kunstsenter,
Er det gratis? Ja, så menn!
Raymond Queneau (1903–1976) var ein populær fransk forfattar med bakgrunn frå naturvitenskapen. Romanane hans er prega av formale eksperiment og språkleg leik, men også av eit pessimistisk livssyn og ofte av svart humor. Som uavhengig avantgardist har Queneau øvd stor innflytelse på moderne fransk litteratur.
Lene Berg, fødd 1965, er filmregissør og kunstnar busett i Oslo og Berlin. Ho er utdanna ved Dramatiska Institutet i Stockholm, har regissert ei rekke filmar samt hatt utstillingar i inn- og utland. Berg sin sjølvbiografiske film False Belief, hadde premiere på Berlin Internasjonale Filmfestival i 2019. Lene Berg vann Elefantprisen under kunstbiennalen Momentum i 2000 og har mottatt Lorck Schives kunstpris. Ho representerte Norge under den 55. Veneziabiennalen og i 2022 var ho festspillutstillar på Bergen Kunsthall. I 2023 blei Lene Bergs si første bok, romanen Fra far, utgitt på Kolon forlag.
Mellom sjangrar er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordland kunstsenter, som starta opp seinhausten 2024. Til denne arrangementsserien inviterer me inn kunstnarar og forfattarar til å presentere litterære verk som er vanskelege å sjangerdefinere. Gjennom presentasjonar av verk som har hatt betydning for bidragsytarane, anten på eit personleg eller praktisk plan, ønsker me å setje fokus på eksperimentelle litterære uttrykksformer, og kaste lys over korleis ein i fellesskap kan snakke og tenke rundt litterære verk som utfordrar kategoriane me er vande å forhalda oss til.
Først ut i serien var performancekunstnar, skribent og filosof Carol Stampone, som presenterte Agua Viva av Clarice Lispector.
Serien er støtta av Bergen kommune og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.