3 x Marit om heimstad

I denne arrangementsserien inviterer vi ein forfattar til å samtale med tre kollegaer om eit sjølvvalt tema. I haust har Marit Eikemo valt seg temaet "heimstad" og til den tredje og siste samtala har ho invitert Halvor Folgerø

3 x Marit om heimstad

Foto: Agnete Brun og Tove Breistein

I løpet av tre samtalar med tre forfattarkollegaer, vil Marit Eikemo kaste lys over temaet heimstad sett gjennom kollegaer sine forfattarskap:
Frode Grytten, Ingvild H. Rishøi og Halvor Folgerø

Ifølgje ordbøkene er heimstad den staden der ein bur og har heimen sin. Men kjensla av å vere heime, eller heimlaus, har ofta ei vidare tyding. Ein kan kjenne seg heime i ein klasse, hos eit anna menneske, i eit større fellesskap, i eit land. Men kva om heimstaden ikkje er trygg? Eller vegen heim er farleg? Og kva skjer med heimen når du mistar den du har delt den med?

I denne tredje og siste samtala om heimstad, vil Marit Eikemo snakke med Halvor Folgerø om heimvegen slik han skildrar det i dei fabelaktige bøkene om Vestlandsvegar  - og i den heilt nye boka Ferjefolket, om kvardagsliv, komikk, dramatikk og voldsomme ulykker på veg heim.


Når: Tysdag 12. november, kl.19.00

Kvar: Skifte, Det Vestnorske Teateret

Gratis inngang!

Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov, saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og i 2024 kjem boka Ferjefolket.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og var også leiar for Cornerteatret i Bergen. Debuten hennar var i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske . Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen. Eikemo har til saman gitt ut sju romanar. I vår kom romanen Brødrene Eikemo (2024) til glitrande kritikk.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er realisert med tilskot frå Bergen kommune og Fritt Ord