Oppdrag i skulen utanom DKS

Gjeldande frå 1. januar 2023

Satsane gjeld forfattaroppdrag som skjer i skuletida, på skulen eller på eit bibliotek. For oppdrag utanfor skuletida gjeld dei ordinære minstesatsane.

Honorar
Oppdragsgjevaren må gjerne honorere høgare enn minstesatsane. Forfattaren står alltid fritt til å be om eit høgare honorar. Vi formidlar ikkje oppdrag under minstesatsane.

Reise, opphald og diett
Reise, opphald og diett (statens satsar) kjem i tillegg til honoraret. Oppdragsgjevaren og forfattaren må gjerne avtala eit tillegg for lang reise eller miljøvennleg reise.

Tillegg for lang reise: frå kr 2 200
Tillegget blir brukt når forfattaren er tilbydd eitt oppdrag og reisetida er lengre enn fire timar kvar veg (med raskaste reisemåte). Tillegget skal avklarast mellom oppdragsgjevaren og forfattaren ved inngåing av avtala.

Tillegg for miljøvennleg reise: frå kr 400
Oppdragsgjevaren kan premiere forfattarar som bruker miljøvennleg reisemåte.

Skal forfatterbesøket strøymast, klikk her Faste vilkår i avtalene våre finn du her

Forfattarbesøk – skuletime (45 minutt)
under 33 elevar: frå kr 2 700
33–60 elevar: frå kr 3 000
61–100 elevar: frå kr 3 400
over 100 elevar: frå kr 4 700

Forfattarbesøk – klokketime (60 minutt)
under 33 elevar: frå kr 2 900
33–60 elevar: frå kr 3 300
61–100 elevar: frå kr 3 700
over 100 elevar: frå kr 5 200

Forfattarbesøk – dobbelttime (90 minutt)
under 33 elevar: frå kr 3 100
33–60 elevar: frå kr 3 700
61–100 elevar: frå kr 4 100
over 100 elevar: frå kr 5 700

Skrivekurs – inntil 2 timar: frå kr 4 200
Om skrivekurset varar lengre enn 2 timar med den same gruppa den same dagen, legg ein til satsen som gjeld per ekstra time.
Om skrivekurset fortset ein annan dag eller forfattaren møter ei anna gruppe same dag, bruker ein på nytt satsen for skrivekurs inntil 2 timar.

Skrivekurs – per ekstra time (same gruppe same dag): frå kr 1 500
Gjeld per ekstra time med same gruppe den same dagen.

Elevstyrt samtale: frå kr 3 800
Elevar intervjuar forfattaren. Dette skjer i skuletida, på skulen eller på eit bibliotek. Om arrangementet skjer utanfor skuletida, skal ein bruke satsen for litterær samtale (dei ordinære minstesatsane).

Bruk av tekst (når andre enn forfattaren les opp): frå kr 300
Bruk av tekst skal alltid godkjennast av rettshavar i forkant. Når andre enn forfattaren les opp ein tekst, skal det betalast vederlag til forfattaren. Fram til sommaren 2022 gjeld det eit unntak for bibliotekarar som les på arrangement i biblioteket (avtale med Norsk Bibliotekforening). Om det blir brukt mykje tekst eller teksten blir omarbeidd og teke inn i ein større produksjon eller forestilling, skal dette avtalast særskild og honorerast høgare.

Bruk av illustrasjonar (når andre enn illustratøren er formidlar): frå kr 300
Bruk av illustrasjonar skal alltid godkjennast av rettshavar i forkant. Når andre enn illustratøren er formidlaren, skal det betalast vederlag til illustratøren. Om det blir brukt mange illustrasjonar eller dei blir omarbeidd og teke inn i ein større produksjon eller forestilling, skal dette avtalast særskild og honorerast høgare.

Minstesatsar

Gjeldande til 31.12.2022

Forfattarbesøk – skuletime (45 minutt)
under 33 elevar: frå kr 2 600
33–60 elevar: frå kr 2 900
61–100 elevar: frå kr 3 200
over 100 elevar: frå kr 4 400

Forfattarbesøk – klokketime (60 minutt)
under 33 elevar: frå kr 2 800
33–60 elevar: frå kr 3 200
61–100 elevar: frå kr 3 500
over 100 elevar: frå kr 5 000

Forfattarbesøk – dobbelttime (90 minutt)
under 33 elevar: frå kr 3 000
33–60 elevar: frå kr 3 600
61–100 elevar: frå kr 3 900
over 100 elevar: frå kr 5 500

Skrivekurs – inntil 2 timar: frå kr 4 100