Lukk søk
Alle forfattaroppdrag som fell inn under dei definerte oppdragstypane skal honorerast. For å finne riktig minstesats tek ein utgangspunkt i oppdragstypen og strøymemåten. Enkle intervju fell utanfor oppdragstypane og er ikkje nøydd til å bli honorert.
Direktestrøyming av fysiske arrangement til private heimar skal minimum honorerast med minstesatsen for oppdragstypen.
Direktestrøyming til andre visningsarenaer (eksempelvis litteraturhus, bibliotek, festivalar m.m.) skal minimum honorerast med minstesatsen for oppdragstypen + 50 % for strøyming, og i tillegg 10 % for kvar arena som tek imot strøyminga.
Unntak – forsøksordning til og med 31.12.23: Små bibliotek kan ta imot strøyming utan å betale tillegget på 10 %. Små bibliotek definerer vi som kommunar med til saman fem bibliotektilsette eller færre.
Eksempel 1: Skal arrangementet strøymast frå eitt bibliotek til eitt anna, skal dette minimum honorerast med minstesatsen for oppdragstypen + 50 % + 10 % (med andre ord minstesatsen x 1,60).
Eksempel 2: Skal arrangementet strøymast frå eitt bibliotek til tre andre, skal dette minimum honorerast med minstesatsen for oppdragstypen + 50 % + 30 % (med andre ord minstesatsen x 1,80).
Norsk Forfattersentrum kan sende samla faktura til hovudarrangøren eller delfaktura til kvar enkelt visningsarena.
Dersom opptaket skal visast som eit eige arrangement seinare, skal dette avklarast og honorerast på nytt.
Når det blir gjort opptak av eit fysisk arrangement og opptaket blir liggjande ute på nett i eit lengre tidsrom enn den direktestrøymde sendinga, skal oppdraget minimum honorerast med minstesatsen for oppdragstypen + 50 %.
Podkastar og videoar som er laga spesielt for å bli sendt på nett og som ikkje har fysisk publikum til stades, skal minimum honorerast med minstesatsen for oppdragstypen. Fysiske arrangement som det blir laga podkast av skal minimum honorerast med minstesatsen for oppdragstypen + 50 %. Om podkasten er reklamefinansiert, skal dette opplysast til forfattaren ved inngåing av avtala. Om podkasten blir redistribuert, skal oppdragsgjevaren reforhandle honoraret med forfattaren. NRK har eigne satsar.
For digitale skuleproduksjonar som er laga spesielt for å bli sendt på nett og som ikkje har fysisk publikum til stades, må honorar avklarast i kvart enkelt tilfelle.
Forfattaren har rett til å godkjenne eller avvise ei kvar form for opptak, overføring eller strøyming av programposten ein deltek på. Om forfattaren godkjenner opptak eller overføring, skal oppdragsgjevaren avklare bruken av opptaket og vederlaget ved inngåing av avtala.
Forfattaren har til ei kvar tid rett til å be om at eit opptak blir teke ned frå nettet. Dette er definert av GDPR.
Om opptaket eller sendinga blir redistribuert, skal oppdragsgjevaren reforhandle honoraret med forfattaren.
Lov om opphavsrett til åndsverk mv. (åndsverkloven) finn du her.
Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made