Lukk søk
Satsane gjeld forfattaroppdrag som skjer i skuletida, på skulen eller på eit bibliotek. For oppdrag utanfor skuletida gjeld dei ordinære minstesatsane.
under 33 elevar: frå kr 3000
33–60 elevar: frå kr 3 300
61–100 elevar: frå kr 3 800
over 100 elevar: frå kr 5 100
under 33 elevar: frå kr 3 200
33–60 elevar: 2025 frå kr 3 600
61–100 elevar: 2025 frå kr 4 100
over 100 elevar: frå kr 5 900
under 33 elevar: 2025 frå kr 3 400
33–60 elevar: frå kr 4 100
61–100 elevar: frå kr 4 500
over 100 elevar: frå kr 6 200
Om skrivekurset varar lengre enn 2 timar med den same gruppa den same dagen, legg ein til satsen som gjeld per ekstra time.
Om skrivekurset fortset ein annan dag eller forfattaren møter ei anna gruppe same dag, bruker ein på nytt satsen for skrivekurs inntil 2 timar.
Gjeld per ekstra time med same gruppe den same dagen.
Elevar intervjuar forfattaren. Dette skjer i skuletida, på skulen eller på eit bibliotek. Om arrangementet skjer utanfor skuletida, skal ein bruke satsen for litterær samtale (dei ordinære minstesatsane).
Bruk av tekst skal alltid godkjennast av rettshavar i forkant. Når andre enn forfattaren les opp ein tekst, skal det betalast vederlag til forfattaren. Fram til sommaren 2022 gjeld det eit unntak for bibliotekarar som les på arrangement i biblioteket (avtale med Norsk Bibliotekforening). Om det blir brukt mykje tekst eller teksten blir omarbeidd og teke inn i ein større produksjon eller forestilling, skal dette avtalast særskild og honorerast høgare.
Bruk av illustrasjonar skal alltid godkjennast av rettshavar i forkant. Når andre enn illustratøren er formidlaren, skal det betalast vederlag til illustratøren. Om det blir brukt mange illustrasjonar eller dei blir omarbeidd og teke inn i ein større produksjon eller forestilling, skal dette avtalast særskild og honorerast høgare.
Oppdragsgjevaren må gjerne honorere høgare enn minstesatsane. Forfattaren står alltid fritt til å be om eit høgare honorar. Vi formidlar ikkje oppdrag under minstesatsane.
Reise, opphald og diett (statens satsar) kjem i tillegg til honoraret. Oppdragsgivaren og forfattaren må gjerne avtala eit tillegg for lang reise eller miljøvennleg reise.
Tillegget blir brukt når forfattaren er tilbydd eitt oppdrag og reisetida er lengre enn fire timar kvar veg (med raskaste reisemåte). Tillegget skal avklarast mellom oppdragsgivaren og forfattaren ved inngåing av avtala.
Oppdragsgivaren kan premiere forfattarar som bruker miljøvennleg reisemåte.
Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made