I 2023 formidla Norsk Forfattersentrum altså 9209 oppdrag og betalte ut litt over 44 millionar honorarkroner til 867 ulike forattarar. Desse tala er på line med 2022, noko som bekymrar oss. Ikkje berre har omsetninga før dette auka i 17 av dei siste 20 åra, tar vi med prisjustering og at talet på oppdrag er lik fjoråret, hadde vi forventa ei auking i den totale omsettinga for 2023. Når dette ikkje er tilfelle, fryktar vi at det kjem av at oppdragsgivarar med trangare økonomi, bestiller oppdrag med lågare honorarsats.
Litterære arrangement
Norsk Forfattersentrum hyrer ikkje berre ut forfattarar til andre oppdragsgivarar, vi er også sjølv ein stor arrangør. I 2023 gjennomførte vi 143 arrangement, 40 skrivekurs og 11 medlemskurs og bransjetreff. Totalt gav dette oppdrag til 281 forfattarar. Sjå oversikt over alle arrangementa vi gjennomførte i 2023 her!