Norsk Forfattersentrums base med foredrag og litterære produksjonar vart oppretta som ei teneste til alle som programmerer litterære arrangement for barn- og ungdom. Dei fleste produksjonane i basen er derfor retta mot yngre målgrupper, men vi jobbar no med å fylle basen med fleire foredrag for vaksne.
Eplet
Du kan til dømes bestille foredraget «Eplet – en reise i Edens hager» av bokaktuelle Torolf E. Kroglund der han oppsummerer eplets kulturhistorie og alt anna du treng å vite om epler.
Les meir her, og kontakt forfattaren via Forfatterkatalogen for å bestille foredraget.
Olga
Pensjonert litteraturkritikar i NRK, Leif Ekle, har skrive både bok og foredrag om mora Olga. Med mindre du har lese boka, har du kanskje ikkje høyrt om Olga Engen (1926 – 2017), og det er også poenget: Ekles ambisjon var å skrive ein biografi «om et helt alminnelig menneske», og å «portrettere et normalt og stille liv i god avstand til offentligheten».
Les meir her, og kontakt forfattaren via Forfatterkatalogen for å bestille foredraget.
Kjærleik
Også skjønnlitterære bøker kan vere utgangspunkt for gode foredrag. I «Med kjærleg helsing Hilde Kvalvaag» fortel Kvalvaag om kjærleikens plass i skrift og liv, blant anna den smertefulle kjærleiken hos forfattarar som Tove Ditlevsen, Marguerite Duras, Albert Camus og Jean Rhys.
Hilde Kvalvaag heldt foredraget første gong i 2023 for Norsk Forfattersentrum Vestlandet med stor suksess.
Les meir her, og kontakt forfattaren via Forfatterkatalogen for å bestille foredraget.
De gode hjelperne
I romanen Stargate. En julefortelling (Gyldendal, 2021) fortel Ingvild Rishøi om barn som lever med rusmisbruk tett på seg. Foredraget «De gode hjelperne» handlar om korleis boka vart til, og med utgangspunkt i teksten fortel Rishøi om eigne erfaringar med å leve tett på rus.
Les meir her, og kontakt forfattaren via Forfatterkatalogen for å bestille foredraget.
Hvem skjøt William Nygaard?
Gravejournalist og forfatter Odd Isungset har fulgt Nygård-saka frå dagen det smalt i Dagaliveien, og denne månaden fekk han Ossietzkyprisen – ein pris som tidlegare blant anna har gått til Edward Snowden og Julian Assange – for arbeidet sitt. I foredraget pesenterer Isungset siste nytt om saka, kombinert med videoklipp fra reportasjereiser til Iran og Libanon, og intervju med blant anna Salman Rushdie, William Nygaard og dei ansvarlege for etterforskninga.
Les meir her, og kontakt forfattaren via Forfatterkatalogen for å bestille foredraget.
En dag i ungdomskroppen
Den litterære produksjonen «En dag i ungdomskroppen» er i utgangspunktet meint for 5.-6. trinn, men må likevel nemnast her. Forfattaren bak produksjonen (og boka med same namn), Sarah Herlofsen, vart denne veka nemleg nominert til Brageprisen. Produksjonen «En dag i ungdomskroppen» er ein kombinasjon av høgtlesing frå boka, refleksjon og undring over ungdomstida og forhold til eigen kropp, samt massevis av funfacts og nyttige tips som er relevant for elevane. Sarah Herlofsen er stamcelleforsker, og veit kva ho snakkar om!
Les meir her, og kontakt forfattaren via Forfatterkatalogen for å bestille foredraget.
Treng du gode råd?
- Er du på jakt etter foredrag eller litterære produksjonar basert på andre tema eller for andre aldersgrupper enn dei som er nemnde i saka, kan du søke i basen her!
- Du finn også alltid dei nyaste foredraga og produksjonane på framsida til forfatterkatalogen.no.
Treng du hjelp med å finne rett forfattar til oppdraget ditt, er Norsk Forfattersentrum her for deg. Ring 21 09 57 00 (kvardagar 9–15), eller kontakt ditt nærmaste avdelingskontor: Nord-Norge, Midt-Norge, Vestlandet, Sørlandet, Austlandet.
Er du medlem i Norsk Forfattersentrum, og har eit foredrag du vil synleggjere for potensielle oppdragsgivarar, fyller du ut dette skjemaet.